Lokalnytt

Tok avskil med soknepresten

Svein Runde tok avskil med kyrkjelyden som sokneprest, men prosten kjem tilbake seinare...
Svein Runde tok avskil med kyrkjelyden som sokneprest, men prosten kjem tilbake seinare…

I januar vart Svein Runde utnemnd til prost i Austre Sunnmøre Prosti. Dermed var 26 år som sokneprest i Sunnylven og Geiranger slutt. Søndag var det avskilsgudsteneste i Sunnylven kyrkje for den avhaldne soknepresten.


Det var ein vakker søndag, kyrkjeklokka kalla vakrare enn nokon gong og folk strøymde til Sunnylven kyrkje.
Gudstenesta opna med prosesjon av konfirmantar, ungdomskor, soknerådsleiarar og kyrkjelege tenarar og tilsette.
-Dette er ein dag som eg både har grua meg og gleda meg til. Grua meg fordi eg offisielt skal ta avskil, men også gleda meg til fordi er får vere saman med dykk-, sa Svein Runde som søndag snakka til ei fullsett Sunnylven kyrkje for siste gong som sokneprest.

-Ei lang preike-
Svein Runde hadde sett tilbake på 26 års virke i kyrkjelyden og laga seg ein liten statestikk over det han hadde brukt tida på. Det hadde blitt 780 gudsteneste, 230 gravferder og vel 60 brudevigsler i Sunnylven kyrkje. Til saman 1000 gonger hadde han preika frå koret eller preikestolen. La han i hop taletida ville det bli kring 300 timar, ei samanhengande preike i sju og ei halv arbeidsveke.

Og han heldt fram: -Alt eg har sagt og gjort har hatt ein understraum, guds kjærleik til oss. Og det utrulege skjer, gud møter oss med sin nåde. I tillegg har eg fått lyst velsigninga over kyrkjelyden, Guds nåde og kjærleik møter oss på nytt og på nytt i kvardagen. For min del er eg takksam for å får leve denne livsstraumen min-, sa Svein Runde.

Setteprost
Det var som sokneprest Svein Runde heldt si avskilspreike til kyrkjelyden i Sunnylven. I høve dagen var sokneprest i Skodje, Per Inge Vik setteprost.
-Dette er ein vemodig dag. Når vi hadde det så bra, kunne det ikkje vere slik, tenkjer sikkert mange. Men dagen skal vere ein lukkens dag, for 26 år i same presteteneste er ein sjeldan ting. Og han reiser ikkje så langt, så prosten blir nok å sjå også seinare, om ikkje så ofte som før-, sa Per Inge Vik.

Song og musikk
Mykje song og musikk fylte Sunnylven kyrkje søndag. Barnekoret Ariel under Hilde Langlo Brekke si leiing song vakkert, det same gjorde ungdomskoret Joyful med leiarane Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Hellesylt songlag var også med, men om berre 14 fylte opp i korrekkene og song ”Som barn i ditt hus”, var det eit kjært gjenhøyr for mange.
Ved kyrkjeorgelet var Andrè Ramstad, og med seg hadde han Andreas Havnen Hansen på trompet. Avslutninga med dei to i ”Time to say goodbye” var ei musikals perle som mange vil huske lenge.

Dagen vart avslutta med samling på Sunnylven kyrkjelydshus der det var servering, helsingar og overrekking av gåver.

Gudstenesta opna med prosesjon der mellom anna neste års konfirmantar deltok.
Gudstenesta opna med prosesjon der mellom anna neste års konfirmantar deltok.
Barnekoret Ariel vart leia av Hilde Langlo Brekke.
Barnekoret Ariel vart leia av Hilde Langlo Brekke.
Ungdomskoret Joyful
Ungdomskoret Joyful
Hellesylt songlag framførte -Som barn i ditt hus_
Hellesylt songlag framførte -Som barn i ditt hus_
Andrè Ramstad og Andreas Havnen Hansen i -Time to say goodbye- vart eit vakkert musikals minne frå avskilsgudstenesta for soknepresten.
Andrè Ramstad og Andreas Havnen Hansen i -Time to say goodbye- vart eit vakkert musikals minne frå avskilsgudstenesta for soknepresten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380