Unge og eldre gjekk tur

Nokre av deltakarane ved Hægstad Gård på veg til Shell.

Nokre av deltakarane ved Hægstad Gård på veg til Shell.

Det var sommar på Hellesylt torsdag då Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i Sunnylven IL inviterte til kort trimtur i nærområdet til Hellesylt. 34 unge og eldre deltok.


Veke 39 er sanitetens veke, der lokallag rundt har ulike arrangement. Tema for veka var som i fjor, fysisk aktivitet og ernæring i eit forebyggjande perspektiv.

Sunnylven sanitetslag opna ”veka” med laurdagskafè der besøket var svært bra. Laget har delt ut panneband til dei åtte elevane i fyrste klasse, det har blitt halde kaffistund for pensjonærane på Sunnylven omsorgssenter, og torsdag vart det arrangert sentrumsnær trimtur for alle aldersgrupper i samarbeid med trimgruppa i Sunnylven IL.
Trimturen starta frå Hellesylt bro og gjekk gjennom Gatå, forbi Hægstad Gård, Hellesylt stadion til trimposten ved Shell og tilbake til skulen. Der spanderte sanitetslaget betasuppe, kaffi og frukt på alle dei 34 som deltok. Eldste deltakar var 83 år, yngste knappe to år.

Det vart ein fin tur, ikkje minst på grunn av at sommaren var på snarvisitt denne dagen med temperatur over 22 grader.

Ved trimposten på Shell kunne alle som ville skrive seg i boka og sikre seg nye tre poeng.

Ved trimposten på Shell kunne alle som ville skrive seg i boka og sikre seg nye tre poeng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380