Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven bondelag.

Peder Hellebostad er ny leiar i Sunnylven Bondelag
Peder Hellebostad er ny leiar i Sunnylven Bondelag

Peder Hellebostad er vald til ny leiar i Sunnylven Bondelag, etter Endre Frøysa som hadde sagt frå seg attval.


Sunnylven Bondelag har 71 medlemer og 27 møtte på årsmøtet sist fredag på Sunnylvsbygda grendahus. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart det servert juletallerken.

Val.
I styret hadde mangeårig leiar Endre Frøysa sagt frå seg attval, det same hadde styremedlem Kjell Arne Dyrkorn. Ny leiar vart Peder Hellebostad, dei andre i styret er: Rita Eide Ljøen, Rolf Arne Ljøen, Egil Røyrhus, Jørn Stadheim, Nils Kåre Frøysa (ny).

Samanslåing av bondelag
Saka om samanslåing av Stranda og Sunnylven Bondelag enda med nei.
Av dei frammøtte stemte 9 mot samanslåing, 17 ja og ei stemme var blank.
Saka kravde tre fjerdedels fleirtal.

Årsmøtet i Stranda Bondelag gjekk samrøystes inn for å slå dei to laga saman.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380