Brukbar sommar for Øcal Pizzarestaurant
Eigaren av Øcal Pizzarestaurant kan sjå tilbake på ein brukbar sommar til trass for det dårlege veret. Ut over hausten blir restauranten open både i helgane og på kveldstid midt i veka.
Etter ein lengre ferie i Tyrkia er Tahir Øcal tilbake på Hellesylt for å drive den populære pizzarestauranten. Han får hjelp av yngste son sin i helgane.
Turistsesongen var brukbar, men litt dårlegre enn i fjor, seier Tahir Øcal.
Ut over hausten og vinteren blir det ope som vanleg, i påvente av ein ny turistsesong. I veka held vi ope frå ettermiddag og ut over kvelden, men i helgane blir det ope frå morgonen av. Og til jul kjem tilbod om juletalerken med det beste av lokalt foredla råvarer, lovar Tahir Øcal.
Restauranten ved Hellesyltfossen er spesielt kjent for sine mange og velsmakande pizzarettar.
-Eg ønskjer ikkje å konkurrere med andre lokale servicebedrifter innan marservering, så difor mykje pizza. Men sjølvsagt har vi også norske spesielitetar på menyen, seier restauranteigaren som er blitt norsk og inne i sitt tolvte år på Hellesylt.
-Eg blir nok ikkje lei Hellesylt, så Hellesylt blir ikkje kvitt meg på lenge enno-, lovar ein smilande og solbrun restauranteigar.