Lokalnytt

Direct Connect bygger ut

Ved Hellesylt stadion vart utstyr til Geitfjellet klargjort.
Ved Hellesylt stadion vart utstyr til Geitfjellet klargjort.

Direct Connect a/s er i gong med å bygge ut breiband med betre hastigheit og kapasitet i Stranda kommune. Selskapet jobbar denne veka med å reiser mastrer på Geitfjellet og Roalden.

Richard Simonsen i Direct Connect fortel at det blir bygd ei seks meter høg master på det 1615 meter høge Geitfjellet opp for Matvika i Geirangerfjorden, og ei liknande blir reist på Roalden på Strandafjellet.
Signala frå desse blir kopla til ein stasjon i Spjelkavik.

Behovet for raskare og større kapasitet er aukande. I Sunnylven har effekten vore dårlegare enn det ein ønkjer å tilby, så Direct Connect har jobba eit års tid med å finne fram til ei forbetra løysing, seier Richard Simonsen.
Utbygginga som pågår vil føre til ei vesentleg forbetring. Mastene og utstyret kan vere på plass i løpet av veke 43, men ikkje i drift før om fem, seks veker.

Utbygginga starta tysdag 25. oktober med montering av utstyr og flyging frå Hellesylt til Geitfjellet. Der var det over ein meter nysnø så det vart mykje jobb med å fjerne snø og ein del lausmasse for å finne fjell til mastra og bardunar. Før dagen var omme var mastra på plass, sa Richard Simonsen som kunne fortelje at stasjonen på Geitfjellet skal drivast av vindmølle, solseller eller batteri.

All transport til og frå Geitfjellet foregår med helikopter.
All transport til og frå Geitfjellet foregår med helikopter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380