Fotballfest i Sunnylven fotball
Snart er fotballsesongen 2011 over og Sunnylven Fotball er i gang med førebuingane til avslutningsfestar både for aldersbestemte lag 30. oktober og dei to seniorlaga 5. november.
Siste helga i oktober inviterer fotballgruppa til avslutningfest for spelarar på lag i yngres avdeling. Festen blir halden søndag 30. oktober på Sunnylven samfunnshus. Same dag og stad har trimgruppa premiering for fjelltrimmen 2011.
Bingo
Spelarane på åtte aldersbestemte lag får sine fotballpremiar for flott innsats gjennom sesongen. I tillegg skal Rasmus Matvik`s minnepokal delast ut for tiande gong. Den går til ein spelar som blir trekt ut mellom dei som trenarane for G 12, J 12 og J 14 har nominert. Vinnaren for 2011 er ikkje kjent enno.
Etter premiering av fjelltrimmen blir det Bingo.
Seniorlaga
For seniorlaga for damer og herrer blir fotballfesten laurdag 5. november på Sunnylven samfunnshus. Her blir det delt ut fleire utmerkingar til spelarar på begge lag, mellom anna til ”årets spelar”.
Også i år er trofèa til årets spelar på dame-og herrelaget laga av Martin Janssen. Sist helg var fotballeiaren på Helset og plukka ut dei to gjeve prisaner. Martin Janssen har også med fleire overraskingar til spelarar på fotballfesten.
Molde-band spelar
Årsavslutninga for seniorlaga er open for alle. Her blir det servering og dans, og fotballgruppa har fått serveringsløyve.
”Listen to the Band” syter for rytmene til dansefoten under fotballfesten, eit band frå Molde med musikarar som tidlegare spela i bandet ”Novus”.
Atle Braut, bass, kor, Frode Sundnes, trommer, Jan Gunnar Åkre, keyboard, kor og Sigbjørn Follestad, gitar, vokal spelar all slag musikk, frå svensktoppar, black metall og gamaldans til polsk jazz.