Fråstole dekk og diesel

-

Då bedrifta Ole Ringdal A/S på Hellesylt skulle skifte om til vinterdekk på bilane sine, viste det seg at 14 dekk på felg var borte.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fortvilar og er provosert. 14 nesten nye, gode vinterdekk på felg var borte då det skulle skiftast frå sommar til vinterskodning på bilane.
Hjula låg på baksida av bedrifta og har blitt fjerna ein gong etter sommaren. Nye dekk på felg er innkjøpt til ein kostnad på 80.000,- kroner.

Også rundt 50 liter diesel har blitt stole frå bilar som har stått parkert.
-Det er håplaust. Vi parkerer bilane tett inn til kvarandre for at dei ikkje skal kome til for å tappe av, men dei kryp berre under. No har vi slutta å låse tanklok så då slepp vi i alle fall kostnaden med å reparere lok og drivstofftankar som er brotne opp og skada-, seier Ole A. Ringdal som har meldt tjuveria til politiet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380