Godt nøgde med basarresultatet
Sunnylven sanitetslag har halde sin årlege basar som gav knappe 25.000,- kroner i lagskassa. Eit resultat styret er godt nøgde med.
Mange tok turen på basar som vart halden på dagtid søndag. På samfunnshuset baud sanitetslaget på kaffi og kaker, litt underhaldning og trekking av gevinstar både etter åresal og frå loddbøker.
Frå styret helsa Kari Hauso Stadheim vel møtt.
I tillegg til helsespørsmål ønskjer laget å engasjere seg i lokale saker til beste for bygda, ikkje fordi menn styrer så dårleg, men damer ser gjerne ting på ein annan måte.
Sunnylven sanitetslag, har mange flotte medlemer, men laget vil gjerne ha fleire spesielt unge medlemer for å få nye perspektiv på ting, sa Kari Hauso Stadheim mellom anna.
Gevinstsnora var lang og talde 60 små og store gjenstandar, det aller meste hadde laget fått frå trufaste støttespelarar og noko var kjøpt inn. ”Skramlå”, det gamle, ærverdige trekkjeapparatet til sanitetslaget gjorde jobben med å få fram vinnartala.
Også eit stort antall små gevinstar vart trekte ut etter åresal.
Som programinnslag las Inghild Storstein to dikt og frå Hornindal kom Bjørn Solum som underheldt med trekkspel og sang.
Sunnylven sanitetslag fyller 100 år i mai 2012.