Lokalnytt

Godt resultat i TV-aksjonen

Idrettslaget stod for innsamlinga i Sunnylven, bak frå venstre Rune Hole, Rune Tryggestad, Asle Fivelstad og Per Kjell Leite, saman med ordførar Jan Ove Tryggestad og Ingebjørg Fivelstad frå Sparebanken Møre.

I Sunnylven kom det inn 21.598,- kroner i TV-aksjonen for Norsk Folkehjelp. I heile Stranda kommune vart resultatet frå dei mange bøsseberarane som gjekk rundt 117.212.50 kroner.

Totalbeløpet for Stranda kommune vil kome til å auke, kommunen har bevilga 5.000,- kroner, det er samla inn kollekt i kyrkjer og i tillegg er andre pengegåver ikkje med i oversikten søndag kveld.
I Sunnylven var det medlemmer frå dei fire undergruppene i idrettslaget som stod for innsamlinga søndag.
I Geiranger gav innsamlingsaksjonen 10.261,- kroner, i Liabygda 8.302.- og på Stranda 77.051.50 kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380