10. juli 2026

Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje

"Kven har skapt alle blomane.." song borna saman med Kristin Storstein og vikarprest Nils Beite
«Kven har skapt alle blomane..» song borna saman med Kristin Storstein og vikarprest Nils Beite

Mange kom til Sunnylven kyrkje søndag og til hausttakkefest. Saman med vikarprest Nils Beite deltok born frå barnehagen, elevar ved Sunnylven skule, konfirmantar og ungdomskoret Joyful.


”Ver ikkje bekymra” heitte det i preiketeksta som vikarprest Nils Beite tok utgangspunkt i til preika.
På denne tid av året er det meste av vekstane komne i hus, både mat til husdyra og det som blir dyrka av frukt og grønnsaker. I Sunnylven levde folket i pakt med naturen og visste når ein skulle så og når ein skulle hauste, meinte vikarpresten. Han hadde nok sett det store tre-trauet ved altarringen, fullt av flotte grønnsaker og frukt.

Hausttakkefest har blitt halde i Sunnylven kvart år frå 1899. Også i år var det Sunnylven bygdekvinnelag som hadde pynta kyrkje med blomar og vekster i hausten sine vakre fargar.

Under gudstenesta vart årets konfirmantar presentert og alle 11 fekk utdelt nytestamente, ungdomskoret Joyful gleda med vakker song, elevar frå Sunnylven skule framførte bøner dei sjølve hadde laga, og Kristin Storstein og fleire unge born song ”Kven har skapt…”

Ungdomskoret Joyful
Ungdomskoret Joyful
Konfirmantane fekk utdelt nytestamente av diakon Marja-Leena Steinbru
Konfirmantane fekk utdelt nytestamente av diakon Marja-Leena Steinbru
Korger med frukt og grønnsaker vart plassert ved altarringen under hausttakkefesten.
Korger med frukt og grønnsaker vart plassert ved altarringen under hausttakkefesten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →