
Julespelet til HUL-teatret på Hellesylt kan bli avlyst. Teatret har gjennom 100 år gleda og hausta ros for sine amatørspel, men no maktar dei ikkje å fylle opp rollelista.
Hellesylt Ungdomslag feirar 100 år med jubileumsfest 19. november. Som del av arrangementa i jubileumsåret var også skodespel fjerde juledag på ”plakaten”.
HUL-teatret har nærmast vore som ein institusjon i bygda. Mange år vart det vist skodespel på 17. mai, og fjerde juledag har vore årvisst. Det har vore ein lang og flott tradisjon.
No har det gått to år utan framsyning, men i jubileumsåret skulle det på nytt bli komediespel frå scena i Sunnylven samfunnshus, seier Marit Ljøen, medlem i teatergruppa i HUL.
Etterlyser skodespelarar
-Vi hadde plukka ut eit spel med ni roller, dei fleste damer og vi venta reiseinstruktør som Norges Ungdomslag leiger ut. Leseprøvene var starta, men så kom ting i vegen for nokre, andre trekte seg og vi står utan nok aktørar. No heng skodespelet til jul i ein tynn tråd.
Teatergruppa etterlyser no folk som kan tenkje seg å vere med på skodespel til jul. Dei treng ikkje vere medlemer av Hellesylt Ungdomslag og kjønn er ikkje avgjerande. Utkledning eller rollebyte kan ordnast.
Vi i teatergruppa håper det finst nokon som kan tenkje seg å vere med, at der er folk vi ikkje har kontakta om å vere med på julespelet. Tak telefonen og ring oss-, seier Marit Ljøen.
Du kan også ringe til Anne Marie Sømoen Frøysa, John Langeland eller leiar i HUL, Marianne Fivelstad.