Lokalnytt

Jan Ove Tryggestad ny ordførar

Den nye ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad
Den nye ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad

Under konstituerande møte i ”nye” Stranda kommunestyre vart Jan Ove Tryggestad, Sp vald til ordførar. Han tek over etter Frank Sve, Frp.

Det var ein engasjert og offensiv Jan Ove Tryggestad som fekk overrakt ordførarkjedet av Frank Sve under konstituerande kommunstyremøte i Stranda onsdag 5. oktober.
Om nokon hadde vore i tvil bekrefta han at heretter skulle arbeidstid brukast til kommunen sitt beste.

Inviterte til samarbeid
Han hadde fått spørsmål om kvifor han ville bli ordførar i Stranda kommune. Han var ikkje i tvil, om han fekk høve ville han ta utfordringa. Stranda var ei kommune med eit næringsliv som gav spanande utfordringar både innan handel, industri og turisme, sa han.
Som ordførar ville han jobbe alt han kunne til beste for heile kommunen. Først og fremst var det naudsynt å få orden på økonomien, kommunen hadde eit aktivitetsnivå som ikkje var i samsvar med inntektene.
Samarbeid mellom alle ansatte i kommunen var viktig, skape eit klima der alle gleda seg til å gå på arbeid, og å jobbe i lag på tvers av partigrenser var naudsynt om ein skulle lukkast med å snu ein vanskeleg økonomi i positiv lei, sa den nye ordføraren.

Lang erfaring
Jan Ove Tryggestad er 50 år og representerer Senterpartiet. Han er frå Sunnylven og er første ordførar frå denne delen av Stranda kommune etter kommunesamanslåinga i 1965..
Tryggestad har lang fartstid innan politikk. Heilt frå 1995 har han hatt fast plass i kommunestyre eller formannskap, i tillegg til fleire styrejobbar i kommunale utval.

Etter ein periode innan idrett og som fotballspelar i unge år vart han snekkar og etter kvart bonde der han innan bondesamvirke har hatt fleire tillitsverv, mellom anna styreformann i Tine Meieriet Vest.

Det nye formannskapet.
Jan Ove Tryggestad er Stranda kommune sin nye ordførar på heiltid. Som varaordførar vart vald Svein Lunde Krf. Formannskapet for 2011 – 2015 består av:
Jan Ove Tryggestad (Sp), Ingvild Nykrem (Sp), Svein Lunde (Krf), Arild Ringdal (Ap), Anne Berit Tryggestad (H), Frank Sve (Frp), Fredmøy Wollen (Frp).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380