Sikra stamlaks til klekkeriet

  • doc_2438_2
    -
  • doc_2438_13
    Arne Korsbrekke med ein av dei største ho-fiskane
  • doc_2438_14
  • doc_2438_15
  • doc_2438_16

 

 

 

Laurdag sikra elveeigarar og laksefiskarar seg mykje fin stamlaks til klekkeriet i Husøyna. 100 000 yngel skal framavlast for utslepp i elva neste år.


I at ni mann tok del i arbeidet med å drage kastenota gjennom Steimsholen, den mest brukte plassen for opptak av stamlaks. Det var sett mykje laks i elva.
Vassføringa var i største laget, men karane frykta at elva ville vere stor lenge om det sette inn med mildver og all snøen i fjella skulle bli til vatn.

Resultatet av dei fire notkasta vart 17 laksar, av det ti ho-fiskar. Den eine var ekstra flott og hadde nok rogn til kring 10 000 yngel, trudde elveeigar og sjef for klekkeriet Arne Korsbrekke. Etter ei veke i det store oppsamlingskaret ved Steimshølen, skal laksane fraktast til klekkeriet for stryking av rogn og mjølke.

Fangsten laurdag var ikkje nok så det må nye notkast til for å få nok laks og rogn til kultiveringsarbeidet, sa Arne Korsbrekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380