Startar opp langrennstrening

Barmarkstrening opp bratta til Torskedalssætra hausten 2010. (Arkivfoto)

Barmarkstrening opp bratta til Torskedalssætra hausten 2010. (Arkivfoto)

Vinteren med kulde og snø nærmar seg, vi har alt meldt om forhold for langrenn i skøyting i Holedalen.

Måndag 17. oktober startar skigruppa i Sunnylven IL organisert langrennstrening. Frammøte ved klubbhuset på Hellesylt stadion og trening mellom 18.00 – 19.00.
Heile økta blir ute.

Møt opp klar til treninga i uteklede, hue, hanskar, joggesko for utebruk, refleksvest og eventuelt haudelykt for dei som har.
For spørsmål, ring Per Ingebrigt Karbø, tlf. 91324084.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380