Stian Frøysa vann pokalen

Stian Frøysa vann Rasmus Matvik`s minnepokal. Fotballeiar Steinar Hjelle delte ut.

Stian Frøysa vann Rasmus Matvik`s minnepokal. Fotballeiar Steinar Hjelle delte ut.

Sunnylven Fotball heldt premiefest for dei yngste laga i klubben søndag. Rasmus Matvik`s minnepokal gjekk til Stian Frøysa.


Under premiefesten på Sunnylven samfunnshus søndag fekk 73 spelarar på sju lag sine fotballpremiar og diplom etter ein lang og flott sesong. Premiane vart delt ut av trenarar og oppmenn.

Kalender.
Sunnylven Fotball skal gje ut ein stor årskalender for 2012, nær ein meter høg og litt mindre i breidde. Under premiefesten vart det teke ei rekke lagbilder, for alle laga til fotballklubben skal pryde kalendaren, frå herre og damelag til mini 8 år. Plakatkalendaen er truleg i sal til advent.

Stian vann pokalen.
Stian Frøysa vann Rasmus Matvik`s minnepokal i 2011. I år vart den delt ut for tiande gong etter loddtrekning mellom spelarar som trenarane hadde nominert. Positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte er kriteriar for å bli nominert, noko Stian frå G12-laget oppfylte.
Tidlegare har desse blitt trekt ut som vinnarar: Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord, Henning Frøysa, Ingeborg Langeland og Håkon Elias Kjellstad.

J 14 med trenar og oppmenn er eitt av laga som vil pryde fotballgruppa sin store årskalendar.

J 14 med trenar og oppmenn er eitt av laga som vil pryde fotballgruppa sin store årskalendar.

G 12 -spelarar med premie og diplom.

G 12 -spelarar med premie og diplom.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380