Til NM med nytt produkt.
Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal A/S deltek i NM i kjøttvarer med mellom anna Hellesyltpølsa, eit nytt produkta frå Hellesylt-bedrifta.
NM i kjøttvarer blir halde i Oslo 10. november. Rundt 50 bedrifter deltek kvart år i denne konkurransen som er knakkhard.
-Der blir det kamp om medaljene, seier dagleg leiar ved Hellesylt-bedrifta Ole Arnstein Ringdal. Han har for vane å kome heim med både diplom og edelt metall frå tevlinga.
I år presenterer bedrifta på Hellesylt eit nytt produkt, ei ferskvare som har fått namnet Hellesyltpølsa.
Dette er ei middagspølse, både røykt og urøykt, laga som små skinnfri grillpølser, eller i ring. Innhaldet er etter ei gamle, lokal oppskrift for ei hjortepølse, men der hjortekjøtet er bytta ut med storfekjøt. Den grøvhakka pølsa inneheld elles svinekjøt, fårekjøt og krydder.
Ole Ringdal A/S presenterte produktet første gong under matfestivalen i Ålesund og har fått gode tilbakemeldingar. No er den å få kjøpt hos dei fleste kjeder innan kolonialhandel, og den blir levert til hotell og institusjonar.
Dagleg leiar er spent på kva mottaking pølsa får av testpanelet under NM.