Vakker haustdag

Etter mykje dårleg ver med både vind og regn som har bøtta ned, kom måndag 24 oktober med sol og varme. Det vart ein strålande fin haustdag.
Alt i naturen har fått sine haustfargar, men også det kan vere rett så vakkert. Den fyrste verkelege haustdagen lokka fleire ut på tur, også høft til fjells. Frå Rune Hole har vi fått bilder som viser kor flott det var på Åsenakken i solnedgang rundt kl. 17.30. måndag.
Det fine haustveret skal halde fram, i alle høve to, tre dagar til om vi skal tru på vermeldinga.