Lokalnytt

Vil slå saman bondelag

-

Styra i Sunnylven bondelag og Stranda bondelag går inn for at dei to faglaga slår seg saman. I eit rundskriv som er utsendt til medlemane, går det fram at saka kjem opp til vedtak på årsmøta i haust.

Ei samanslåing blir gjennomført ved at begge laga sine medlemmer og eigendeler blir overført til eit nytt felles bondelag mellom Stranda og Sunnylven. Det nye laget vil ha om lag 130 medlemmer og bli eitt av dei største i fylket. Laget vil få to utsendingar til årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag, heiter det i skrivet.

Saka om samanslåing kjem opp på årsmøta i dei to laga, på Stranda 13. oktober og i Sunnylven 14. oktober.
Til saka blir det lagt fram fleire forslag til årsmøta, som storleik på det nye styret, namn på leiar, styremedlemer og medlemer i valnemnd. Mest diskusjon vil nok namn på det ”nye” bondelaget skape.

Skiping av eit felles bondelag krev tre fjerdedelers fleirtal på årsmøta, eller så må saka opp på nytt ekstra årsmøte. Om det nye laget blir ein realitet, må det godkjennast av styret i fylkeslaget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380