Lokalnytt

Feira edelt metall

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal viste fram NM-premiar og baud på marsipankake.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal viste fram NM-premiar og baud på marsipankake.

Norges beste julepølse blir produsert på Hellesylt. Under NM i kjøtvarer kunne Ole Ringdal A/S hente heim gullmedalje og diplom for Ringdalmør kokt.


NM-konkurransen gav også meir edelt metall og heider til kjøtvarebedrifta på Hellesylt. Urøykt julepølse fekk også gull og svineribbe kokt vart belønna med sølvmedalje.

Under lunsjpausen måndag vart utmerkingane feira mellom leiing og dei ansatte med marsipankake.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal var raus også med godord til alle i bedrifta.
–To gull og ei sølv er eit meget sterkt resultat, det er imponerande det vi har oppnådd og eg er stolt av dokke, sa han til ei fullsett kantine og heldt fram: -Ringdalmør kokt vart kåra til norges beste julepølse, og det vart gull for urøykt julepølse. Nyleg åt eg til middag svineribba som fekk sølvmedalje og eg tykte også den smaka til gull, sa han mellom anna.

Ole Ringdal A/S har delteke fleire gonger i NM sidan fyrste konkurranse i 1994. Mykje edelt metall med diplomar har fått plass på veggen i kantina til hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt.
Årets resultat var av dei beste.

Frå v: Vidar Even Leite, Per Ove Frøysa, Per Kjell Leite Bjørn Tryggestad og Karl Johan Espe
Frå v: Vidar Even Leite, Per Ove Frøysa, Per Kjell Leite Bjørn Tryggestad og Karl Johan Espe
-
Leif Egil Åsen t.v. og Bård Øie.
Leif Egil Åsen t.v. og Bård Øie.
Per Kjell Leite t.v. og Bjørn Tryggestad.
Per Kjell Leite t.v. og Bjørn Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380