LokalnyttLokalsport

Fotballdrakter frå Sunnylven til Litauen

Helge Tryggestad med diplomet som fotballgruppa har motteke som takk.
Helge Tryggestad med diplomet som fotballgruppa har motteke som takk.

Sunnylven fotball kjøpte nye spele-og overtreksdrakter til alle lag i klubben framfor årets sesong. Dei ”gamle” vart med Lions Club Hellesylt si hjelpesending til Litauen.


På siste styremøte kunne Helge Tryggestad vise fram eit diplom frå Lions Club Hellesylt som takk og bevis på at gåva var vel framme.

-Det vart mange draktesett når ni lag skifter ut alt, og mykje av det var lite brukt og i god stand. Men då klubben hadde høve til det ville vi skifte alt for å få på rett reklame med rette logo. I tillegg sende vi fleire fotballar, så vi håper berre det kjem til nytte og glede for mottakar-, seier Helge Tryggestad som organiserte sendinga for Sunnylven fotball.

På diplomet takkar Olga Eline Taraldset på vegne av LC Hellesylt så mykje og helsar frå mottakaren Sakiu Lions Klubas i Litauen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380