Lokalnytt

Grunnskuleveke med idemyldring

Forslår folkedans: Frå v. Kristin Ringdal, Inga Elise Nybø Vik, Johanne Tryggestad.
Forslår folkedans: Frå v. Kristin Ringdal, Inga Elise Nybø Vik, Johanne Tryggestad.

Elevane ved Sunnylven skule avslutta grunnskuleveka med presentasjon av oppgåver sist tysdag. Då var det også bedømming og premiering av ungsdomssteget sine arbeid og entreprenørskap i gründercamp.

Formålet med gunnskuleveka er å ha open skule mellom elevar og foreldre der elevane presenterer det dei har jobba med gjennom veka, sa rektor Roar Seljeset då han ønska vel møtt til tilstelninga tysdag.
Ved Sunnylven skule har klassestega hatt ulike tema, ungdomssteget har hatt gründercamp, mellomsteget naturresursar i Sunnylven, og småskulen lokalt næringsliv.
Prosessen er viktigare enn resultatet så alle er vinnarar, sa Seljeset før han delte ut diplom til elevane i ungdomssteget for godt entreprenørskap.

Og ungdomssteget sine idear fekk mykje merksemd på avslutningsdagen. Elevane som var delt i seks grupper hadde funne fram til fleire nisjer som kunne skape ny næring og nye arbeidsplassar i bygda.
Mykje av dette gjekk på turistnæringa då Hellesylt får ferdig djupvasskai til neste vår og håper at nye turistgrupper kjem på land.
Å tilby guida turar i Hellesylt sentrum, køyre opplevingsturar med eit ”Thomastog”, eller vise folkedans, lære turistar dansen og gje dei opplevinga på minnepenn, var tre forslag.
Andre elevgrupper satsa på journalistikk, eller ein pizzavariant med taco. Å bygge eit tårn med kikkert for å sjå på livet i Korsbrekke naturreservat kunne vere vert å satse på, meinte ei anna gruppene.

Til å bedømme og premiere tre av arbeida var ein jury på tre personar, ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad, næringssjef Inge Bjørdal og Ingebjørg Fivelstad frå Sparebanken Møre.
Elevane fekk ros både for gode idear og måten det vart presentert på. Ordførar Tryggestad tykte det var eit vanskeleg val, det var nesten som han fekk litt dårleg samvittigheit når han måtte skilje mellom arbeida.

Fyrste pris på 1000,- kroner gjekk til tre elevar og folkedansideen, Inga Elise Nybø Vik, Kristin Ringdal og Johanne Tryggestad.
Andre premie på 750,- kroner for guida turar i Hellesylt sentrum og elevane Odin Dyrkorn, Åsmund Nybø Vik, Elisabeth Enoksen og Irene Trøen Frøysa.
Tredje premie på 500,- kroner for utkikspost i Naturreservatet og elevane Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein og Sanna Therese Hole.

Guida turar. Frå v. Odin Dyrkorn, Åsmund Nybø Vik, Elisabeth Enoksen, Irene Trøen Frøysa.
Guida turar. Frå v. Odin Dyrkorn, Åsmund Nybø Vik, Elisabeth Enoksen, Irene Trøen Frøysa.
Sjå Korsbrekke naturreservat. Frå v. Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Sanna Therese Hole.
Sjå Korsbrekke naturreservat. Frå v. Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Sanna Therese Hole.
Foreslår Thomastog. Frå v. Terese Hauge, Gard Henrik Eliassen Røyrhus, Nanna Frøysa Hellebostad, Anette Frøysa.
Foreslår Thomastog. Frå v. Terese Hauge, Gard Henrik Eliassen Røyrhus, Nanna Frøysa Hellebostad, Anette Frøysa.
Laga avis: Frå v. Lars Kvam Karbø, Ola Tobias Røyrhus, Jarl Vegard Eliassen Røyrhus, Veronica Øksvang.
Laga avis: Frå v. Lars Kvam Karbø, Ola Tobias Røyrhus, Jarl Vegard Eliassen Røyrhus, Veronica Øksvang.
Taco-pizza. Frå v. Anne Grete Langleite, Jørgen Ringdal Sæter, Sigurd Kjellstad, Ingrid Julie Hole.
Taco-pizza. Frå v. Anne Grete Langleite, Jørgen Ringdal Sæter, Sigurd Kjellstad, Ingrid Julie Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380