Lokalnytt

Gullfangst for Ole Ringdal a/s

To gull og ei sølv henta Ole Ringdal a/s på Hellesylt heim under NM i kjøttvarer 2011. (Arkivfoto)
To gull og ei sølv henta Ole Ringdal a/s på Hellesylt heim under NM i kjøttvarer 2011. (Arkivfoto)

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal a/s på Hellesylt tok to gull og ei sølv under NM i kjøttvarer i Oslo i dag. Norges beste julepølse, sa juryen om Ringdal mør kokt.


Dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal var svært godt nøgd med resultatet frå NM i kjøttvarer. I konkurranse mot 300 produkt frå 50 bedrifter frå heile landet, vart det gull for Ringdal mør kokt, gull for urøykt julepølse, og sølv for ferdig steikt svineribbe.

Vi er utruleg stolte og fornøgde med resultatet som er ei anerkjenning også til våre mange dyktige ansatte for godt utført arbeid. At bedrifta får inn mykje kortreist råstoff frå bønder betyr også i den knallharde kampen som det er om dei beste produkta innan markedet, sa dagleg leiar ved Hellesylt-bedrifta, Ole Arnstein Ringdal.

Premien for Norges beste julepølse var ein krystallfigur. I tillegg vart det delt ut medaljer og diplom.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380