Trimgruppa i Sunnylven IL har sett opp fleire stadnamnskilt i råsa frå Hellebostad til Vindholen. Snart kjem nye til råsa i Åsen.
Foto: Rune Hole
Det er Verdsarvstiftinga som betaler for kostnaden med skilta, fortel Rune Hole i Sunnylven IL, ein av dei som har gjort jobben med å få skilta på plass. I råsa mot Vindholen står skilt med namn som Kleiva, Litlesætra, Ryggjen og Varen.