Lokalnytt

Tombola, julegran og lysmesse på Hellesylt.

Mange var med på gang kring julegrana på Hellesylt etter at lysa kom på.
Mange var med på gang kring julegrana på Hellesylt etter at lysa kom på.

På første søndag i advent vart julegrana på Hellesylt tent. Og når Sunnylven skulekorps spela opp med kjære juletonar lokka det unge og eldre til fleire rundar rundt det flotte grantreet på Ole Ringdal`s plass.


I eit par timar før julegrana vart tent og lyste opp var bygdefolk og tilreisande samla i Sunnylven samfunnshus til skulekorpset sin juletombola. Svært mange hadde funne vegen og dei 800 gevinstane gjekk unna. Godt besøk hadde også kjøkkenbetjeninga der både kaffi, kaker og pølse med brød var gode handelsvarer.

Pepperkakebygg
For fjerde år på rad var det på scena i samfunnshuset stilt ut fleire flotte konstruksjonar av pepperkakedeig. Etter loddtrekning vart tre av bidraga premiert med kvar sin julepose med mykje julegodt. Dei heldige vinnarane var:
Madelen Seline, Kristian Andre, Isak Elias og Ørjan, alle Frøysadal Hauge som hadde laga ei oljeplattform.
Mats, Maria og Anna med etternamn Storstein Forbord stilte ut Julenissens verkstad, og Sverre Martin og David, begge Røyrhus hadde laga ei flott borg.

Lysmesse
Første søndag i advent tek eit nytt kyrkjeår til, eit år der det blir starta ei prøveordning med at kyrkjelyden tek meir del i gudstenestene.
Lysmessa i kyrkje hadde godt frammøtet og var avslutning på mange arrangement i Sunnylven ved inngangen til ventetida. Vikarprest Nils Beite heldt preika og konfirmantane deltok med tekstlesing.
Det vart mykje salmesong, og på orgelkrakken denne søndagen sat Askjell Molvær.
Ungdomskoret Joyful tok også del i lysmessa med framføring av fleire songar i ein minikonsert som gleda og imponerte og fekk velfortent applaus.

Dei heldige vinnarane i pepperkakekonkurransen fekk posar med julegodt i premie.
Dei heldige vinnarane i pepperkakekonkurransen fekk posar med julegodt i premie.
Mange flotte pepperkakebygg var med på utstillinga.
Mange flotte pepperkakebygg var med på utstillinga.
Mange hadde levande lys under lysmessa i Sunnylven kyrkje.
Mange hadde levande lys under lysmessa i Sunnylven kyrkje.
Joyful gleda med ein flott minikonsert.
Joyful gleda med ein flott minikonsert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380