
At serveringa var av aller beste slag, var inga overrasking for bebuarane ved Sunnylven omsorgsenter. -Vi veit dei kan kan lage mat, for vi er alltid vande med god servering frå sanitetslaget, fekk vi oss fortalt etter adventsstunda laurdag.
Det var damene frå Sunnylven sanitetslag kommentaren var meint på, for dei var vertskap og diska opp med både smørbrød og blautkaker under adventsstunda ved omsorgsenteret på Hellesylt. Der var julestemninga koma i hus med både pynta juletre og blomar på borda.
I daglegstova var mange av pensjonærar og nære slektningar til stades då Sunnylven skulekorps kom innom og stemte i med julesongar frå notearka.
Frå styret i Sunnylven sanitetslag helsa Ruth Hole Aaland alle vel møtt til den tradisjonelle samlinga.
Inngangen til advent var i ei mørk årstid. Difor var det godt å kunne kome i lag og lyse opp med å tenne lys, sa ho og siterte slik det heiter den fyrste helga i advent: -No tenner vi vårt første lys, åleine må det stå. Vi venter på det vesle barn, i krybba lagt på strå-.
Frå styret i Sunnylven sanitetslag overrekte Ruth Hole Aaland pengegåver til omsorgsenteret, eitt beløp til kvar av dei tre høgdene som skulle gå til innkjøp og trivselstiltak for bebuarane no i førjulstida. Lill Susann Hole takka på vegne av mottakarane og dei tilsette.

