Attval i Hellesylt Ungdomslag

HUL-styret som skal bere frilynde kulturtradisjonar vidare, framme frå venstre, Egil Røyrhus, Marianne Fivelstad, Ole Aasen. Bak: Anita Langeland, Geir Frøysa, Oddbjørg Stadheim.

HUL-styret som skal bere frilynde kulturtradisjonar vidare, framme frå venstre, Egil Røyrhus, Marianne Fivelstad, Ole Aasen. Bak: Anita Langeland, Geir Frøysa, Oddbjørg Stadheim.

Heile hovedstyret tok attval då Hellesylt Ungdomslag heldt årsmøte sist fredag. Marianne Fivelstad held fram som leiar av laget som feira 100 år sist haust.

Frammøtet på årsmøtet var ikkje det aller største sjølv om HUL er ein av kulturberarane i Sunnylven. Undergrupper som barnelaget, badehusstyret og ikkje minst teatergruppa har hausta mykje ros og gleda ved mange høve.

Hellesylt Ungdomslag har 126 betalande medlemer og solid økonomi.

Val på årsmøtet:
Hovedstyret:
Marianne Fivelstad, Geir Frøysa, Ole Aasen, Anita Langeland, Egil Røyrhus, Oddbjørg Stadheim.
Varamedlemer:
1. vara: Erna Hellebostad, 2. vara: Synnøve Kjellstad, 3. vara: Margreta Helset Janssen.
Marianne Fivelstad vart vald til leiar, resten av styret konstituerar seg sjølve.

Teatergruppa:
Marit Ljøen, John Langeland, Anne Marie Sømoen Frøysa, Per Kjell Leite, Peder Rune Tronstad.

Badehusstyret:
Dette styret vart utvida då Ungdomslaget har eit større arbeid på gang med gjenreising av stupetårnet ved badehuset.
Kristoffer Frøysa, Tarjei Korsbrekke, Frode Nessan, Asle Ringdal, Jostein Ringdal, Odd Normann Hoff.

Barnelaget:
Wenche Ringdal, Jørgen Helset, Tore Rusten, Randi Sæter, Janne Grov.

Valnemnd:
Trond Åge Dyrkorn, Ruth Hole Aaland, pluss ein til som hovedstyret peikar ut seinare.
Undergruppene konstituerar seg sjølve med leiar, nestleiar og sekretær.

Hellesylt Ungdomslag har fem utsendingar til årsmøtet i Sunnylven samfunnshus P/L, og tre utsendingar til Sunnmøre Frilynde Ungdomssamskipnad som også vart utpeika på årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380