Lokalnytt

Cruisekaia på Hellesylt klar til mai

Djupvasskaia på Hellesylt blir stadig lenger. Biletet er frå tidleg i januar 2012.
Djupvasskaia på Hellesylt blir stadig lenger. Biletet er frå tidleg i januar 2012.

Arbeidet med cruisekaia på Hellesylt er i rute og skal stå ferdig seinast 1. mai. Og stadig kjem fleire cruisebåtar som tingar kaiplass, fortel hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Det blir kjempebra, seier ein engasjert hamnesjef på telefon frå Geiranger. Om det blir opningsmarkering når kaia er ferdig er ikkje bestemt enno, men noko må vi vel få til, seier Rita Berstad Maraak.
Tingar kaiplass
Rundt 15 båtar har så langt tinga kaiplass komande sesong og stadig kjem det nye til. Hamnesjefen får telefonar frå cruisekapteinar som ønskjer opplysningar om kaia og plassen til å manøvrere på i hamnebassenget.
At det ikkje har blitt det store antallet så langt skuldast at turar og utflukter for komande sesong er bestilt for eitt og to år sidan og før cruisekaia på Hellesylt var kjent, trur Berstad Maraak.

Må samarbeide betre
Om ein kaptein vel å legge til kai eller tendre passasjerane på land er også avhengig av kva staden har å tilby til dei reisande. Her må lokale interesser engasjere seg for å gjere besøk på land populært. Hellesylt og Stranda har eit kjempepotensiale med mange flotte opplevingar, men alle må samarbeide betre, fyrst då kan ein få til resultat, seier Rita Berstad Maraaak.

Ho stadfestar at arbeidet med kaia er i rute, det same er økonomien som er vedteke. Stranda Hamnevesen steller også til på land slik at det blir fint og ryddig å kome frå og til båtane for dei reisande, men hamnesjefen vil ikkje at bussar skal parkere og ta om bord ved kaia. Det blir ein liten spasertur om lag som før, seier ho.

Treng hjelparar på kaia
Stranda Hamnevesen treng fem til ni personar til å drifte kaia, mellom anna til å feste trosser når båtar skal legge til. Dette kan vere ein jobb for personar som ikkje er i fullt arbeid. Utlysing kjem snar, seier Rita Berstad Maraak.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380