Cruiseskip til kai 17. mai

Cruisebåt nær land på Hellesylt.

Cruisebåt nær land på Hellesylt.

Ved utgangen av januar hadde 117 cruisebåtar meldt sin ankomst til Hellesylt i 2012. Det aller første skipet, Empress legg til kai 17. mai.

Empress har 2000 passasjerar om bord når den legg til ved den nye cruisekaia på Hellesylt kl. 10.00 på sjølvaste 17. mai. På Hellesylt kan det bli eit fargerikt og langt 17. mai-tog i år. Kanskje bør arrangøren av nasjonaldagen i Sunnylven legge om ruta for folketoget?

Cruiseskipet Empress kjem tilbake tre dagar seinare, også då blir den liggande ved kai i nokre timar.

Under Sommardagar på Hellesylt fredag 6. juli kjem Silver Whisper og Astor. Ingen av dei har tinga kaiplass til no.
Siste cruiseanløp på Hellesylt i år blir MSC Lirica 23. september.

For 2013 er 62 anløp til Hellesylt tinga så langt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380