”Den Gyldne Spaserstokk”

Nøgde premiesankarar, frå venstre Sonja Fjørtoft Hole, Lilli-Karin Ljøen, Reidun Tryggestad, Knut Tryggestad.

Nøgde premiesankarar, frå venstre Sonja Fjørtoft Hole, Lilli-Karin Ljøen, Reidun Tryggestad, Knut Tryggestad.

Under pensjonistfesten i Sunnylven vart 22 trimmarar tildelt merker for deltaking i ”Den Gyldne Spaserstokk” i 2011. I tillegg fekk to nye deltakarar kvar sin spaserstokk.

I Sunnylven er turtrimmen ”Den Gyldne Spaserstokk” eit samarbeidsopplegg mellom Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre.

Søndag var banksjef Stig Tryggestad og hjelpar Johanne Tryggestad på plass under pensjonistfesten for å dele ut merka til deltakarane for siste år.

Det var 13 gongen det var premiering i ”Den Gyldne Spaserstokk i Sunnylven, fortalde banksjef Tryggestad. 22 deltakarar hadde levert trimskjema og vart premierte, men han såg gjerne at også fleire deltok. Det var ikkje krav til antall turar eller å konkurrere med dei som flaug på høge fjelltoppar, men at ein var i fysisk aktivitet.
-Ein spasertur i lag med til dømes naboen gjer kvardagen betre-, sa Stig Tryggestad.

Desse vart premierte:
Spaserstokk: Lilli-Karin Ljøen, Magne Hole.
Bronsemerke: Odd Jostein Bjørdal
Gullmerke: Ruth Frøysa, Magnhid Hole, Sonja Fjørtoft Hole, Arne Tronstad.
Bronsenål: Anne Marie Stokke, Einar Stokke, Ingebjørg Tryggestad
Sølvnål: Roger Tryggestad, Ingeborg Korsbrekke, Sonja Hole
Gullnål: Liv Hellebostad, Åse Marit T. Lie
9 års-merke: Knut H. Hole, Margot Ringdal, Oddny Rudi, Knut Tryggestad,
Reidun Tryggestad.
10 års-merke: Kirsten Gjørvad, Åge Gjørvad
11 års-merke: Arnfinn Tryggestad
12 års-merket: Anne Gausdal

Frå venstre: Ingeborg Korsbrekke, Anne Gausdal, Oddny Rudi, Magnhild Hole, Arnfinn Tryggestad, Liv Hellebostad, Ingebjørg Tryggestad.

Frå venstre: Ingeborg Korsbrekke, Anne Gausdal, Oddny Rudi, Magnhild Hole, Arnfinn Tryggestad, Liv Hellebostad, Ingebjørg Tryggestad.

Frå venstre: Anne Marie Stokke, Einar Stokke, Magne Hole, Odd Jostein Bjørdal.

Frå venstre: Anne Marie Stokke, Einar Stokke, Magne Hole, Odd Jostein Bjørdal.

Magne Hole og Lilli-Karin Ljøen med nye spaserstokkar, utdelt av Johanne Tryggestad og banksjef Stig Tryggestad.

Magne Hole og Lilli-Karin Ljøen med nye spaserstokkar, utdelt av Johanne Tryggestad og banksjef Stig Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380