Hellesylt stadion fekk store skader.
Sunnylven Idrottslag står utan fotballbane etter at orkanen ”Dagmar” rasert Hellesylt stadion første juledag.
I juni i fjor vart kunstgrasbana på Hellesylt stadion offisielt opna. Eit praktanlegg for ei lita bygd, og som hadde fått det beste kunstgras som kunne leverast.
I jula vart store kostnader og mange dugnadstimar rasert av ekstremver. Folk trudde knapt det dei såg på Hellesylt stadion andre juledag. Kunstgrasdekke var rive laus og knurva saman over heile bana. I tillegg var alt av mål og ballnett forvridd og sundrive, naturkreftene hadde vist musklar.
Uklart om erstatning
-Til no er ikkje noko klart anna enn at det må til eit heilt nytt kunstgrasdekke, seier Knut Dag Langeland. Han var idrettslaget sin kontaktmann og pådrivar då kunstgrasbana vart bygd i 2010, og vil vere det også no når arbeidet må gjerast på nytt.
-Det er ei stor naturkatastrofe som har skjedd, men eigaren Stranda kommune har ikke forsikra bana mot slike hendingar som dette. Om forsikringa til Sunnylven Idrottslag som er leigar og brukar av anlegget kan vere med å dekke skaden, er ikkje avklara enno, seier Langeland.
Idrottslaget er forsikra for eit tosifra millionbeløp og har tidlegare fått erstatta fotballmål som har blitt øydelagt av uver på Hellesylt stadion.
Nytt kunstgrasdekke kostar ein stad kring to million kroner.
Mange aktive blir ramma
Sjølve grunnarbeidet på bana ser ikkje ut til å vere skada, men røyra for undervarme som ligg i banedekket bør trykkprøvast før nytt kunstgras blir lagt, meinar Langeland.
Han ventar også på at kommunen skal leggje røyrledning ut i sjøen slik at anlegget med undervarme kan gjerast ferdig.
Han ser med uro på om ei heil bygd skal vere utan fotballbane komande sesong.
Fotballgruppa driv godt og rundt 100 aktive på aldersbestemte lag og seniorlag skulle bruke Hellesylt stadion til trening og kamp i 2012.