Inviterte pensjonistar til fest

Også litt allsong høyrer med på pensjonistfest.

Også litt allsong høyrer med på pensjonistfest.

Det vart ei triveleg stund for trettiseks pensjonistar i Sunnylven kyrkjelydshus søndag. Der inviterte Sunnylven sanitetslag på pensjonistfest, eit sosialt tiltak som starta i 1970.

Song, kåseri og servering av middag med dessert og kaffi stod på programmet til sanitetslaget. Kari Hauso Stadheim frå styret var festleiar og ønska vel møtt.
Om vi er pensjonistar, sanitetskvinner , unge eller eldre så er det nok av saker å engasjere seg i. Sanitetslaget ønska å vere med på å gjere sitt til at Sunnylven skal bli ein god og triveleg stad å bu også i framtida, sa ho.
Ho fortalde at Sunnylven sanitetslaget har gått inn i eit jubileumsår. 4. mai rundar laget 100 år.

Ungdomskoret Joyful var av ulike årsaker ferre medlemer enn vanleg denne gongen, men framføringa av to songar gleda forsamlinga og hausta velfortjent applaus.

Rådmann Ann Kristin Langeland var hyra inn som kåsør og fekk alle til å lytte.
Ho tykte det var fint å bli invitert på fest, det var ei stadfesting av vennskap og at ein fekk lov å vere saman med andre, noko vi treng, sa ho.
Langeland kåserte kring temaet ”eit smil og opne hender”. Det vedkjem oss alle uansett alder, sa ho og håpa at alle kunne møte kvardagen med det som motto i det nye året.

-I det daglege virke møter eg både kritikk og ros. Kritikk kan eg akseptere om det er sakleg, då er det vanskelegare å ta mot ros, vi er kan hende blitt litt beskjedne. Eg håpar vi ikkje er kome dit at det ikkje er naturleg å vise omsorg.
Opne hender handlar om omsorg både i vanskelege situasjonar og elles. Ingen blir betre av å bli behandla dårleg.
Det er sagt at visdom kjem med åra, men eg har også sett at alderen kjem åleine. Vi treng å kome i lag, på trimturar og i kaffikroken på Coop èn for å utveksle meiningar og idear-.

I kåseriet delte Ann Kristin Langeland også minner frå skuleåra på Hellesylt med forsamlinga. Etter skuleslutt gjekk turen ofte rett opp til besteforeldra på ”Bakkjen”, til trygge haldepunkt, traust bondekost og andre go`saker. Det var gode miner å tenkje tilbake på og som lett kom fram med Odd Norstoga si vise om ”Farfar”.
-Er du ute på livets veg møter du ofte snublesteinar. Men i lag med andre, med eit smil og ei opa hand blir vegen og snublesteinane lettare å passere, sa Ann Kristin Langeland.

Rådmann Ann Kristin Langeland t.v. var kåsør og Kari Hauso Stadheim festleiar.

Rådmann Ann Kristin Langeland t.v. var kåsør og Kari Hauso Stadheim festleiar.

Også Joyful deltok og gleda med song under pensjonistfesten.

Også Joyful deltok og gleda med song under pensjonistfesten.

Ruth Hole Aaland t.v., Ruth Frøysa, Solbjørg Alme og Kari Hauso Stadheim, alle frå styret, stod for tilskipinga av pensjonistfesten søndag.

Ruth Hole Aaland t.v., Ruth Frøysa, Solbjørg Alme og Kari Hauso Stadheim, alle frå styret, stod for tilskipinga av pensjonistfesten søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380