LokalnyttLokalsport

Jens Arve Forbord trenar Sunnylven

Jens Arve Forbord har som målsetjing at Sunnylven skal tilbake til 5. div. i løpet av sesongen.
Jens Arve Forbord har som målsetjing at Sunnylven skal tilbake til 5. div. i løpet av sesongen.

Jens Arve Forbord blir trenar for Sunnylven sitt herrelag i 6. divisjon. Spelarstallen tel vel 20 mann og målsetjinga er opprykk, seier hovedtrenaren.

Forbord blir ikkje åleine om å nå målsetjinga saman med spelarane. Som hjelpetrenarar har fotballgruppa engasjert Gisle Aaland, Hans Hole, Ole A. Ringdal og Bård Forbord som kjem tilbake til Sunnylven frå Stranda.
-Formelt tek eg ikkje til som trenar før i midten av april. Fram til då skal dei fire andre stå for treningane.
Då eg har fleire andre verv, som leiar både i Stranda Alpint og badehusstyret i HUL, og i tillegg hus og heim å ta meg av, var eg i utgangspunktet ikkje klar for trenarjobben no. Men så kom vi fram til ei delt løysing, så då sa eg ja.
Målsetjinga for laget vil bli prega av sesongoppkøyringa. Det er vanskeleg å drille inn eit spelesystem frå eg tek over til seriestarten, men opprykk bør vere målet. Også treningstilhøva kan bli utfordrande etter som Hellesylt stadion er øydelagt av juleorkanen, det blir nok lite med ballspel og meir fysisk trening i starten-, seier Jens Arve Forbord.

Vel 20 spelarar har meldt seg for ”teneste” på Sunnylven sitt herrelag komande sesong.
I spelarstallen er der mykje ungt, men også fleire eldre med lang erfaring og som satsar på nytt som spelarar.
Med trening og kampar blir det ein stad kring 110 økter, eller to, tre i veka før sesongen er over ut på hausten ein gong, fortel Jens Arve Forbord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380