
Dei lokale aksjonærane i Per Gynt Galleriet as, Ole Ringdal a/s, HT Bygg a/s, Ringdal & Co, Hellesylt Bil og Maskin a/s og arvingane etter Oddvin Parr har fått tilbod om å kjøpe Hægstad Gård på Hellesylt av hovedaksjonær Flakk Invest a/s.
Flakk Invest a/s er hovedaksjonær og har kome med eit pristilbod på sal av bygning med inventar og relieffbilete. Dette tilbodet er for høgt meinar dei lokale aksjonærane.
Hovedaksjonær Flakk Invest stiller seg positivt til at Hægstad Gård med kunstgalleri kjem på lokale eigarhender, men ønskjer ein høgare pris enn tilbodet frå dei lokale aksjonærane.
Øystein Ljøen er leiar i Hellesylt Næringslag.
Han håpar eit kjøp av kunst-og servicesenteret Hægstad Gård på Hellesylt går i orden slik at dei unike Peer Gynt-relieffa etter kunstnaren Oddvin Parr blir i bygda. Ei stabil drift av anlegget er også viktig no når Hellesylt får cruisekai og fleire turistar til området, seier han.
Øystein Ljøen legg til at om nokon kan tenkje seg å bidra slik at kunstskatten framleis blir på Hellesylt, kan dei ta kontakt med han og Hellesylt Næringslag.
