Klart for skiskyttarcup 2012

Skiskyting i Hyttehola. (Arkivfoto)

Skiskyting i Hyttehola. (Arkivfoto)

For tredje år på rad arrangerer Sunnylven IL skikyttarcup i Hyttehola. I renna deltek utøvarar frå Hornindal og Sunnylven.

Skiskyttargruppa har sett opp datoar for konkurransane som er for jenter og gutar i alle aldersgrupper, frå nybyrjarar 8 år til senior.
Start alle renn er kl. 18.30.

Torsdag 19. januar, fellesstart normal.
Torsdag 9. februar, fellesstart sprint
Torsdag 8. mars, fellesstart normal.
Torsdag 29. mars, enkelstart, sprint.
Siste rennet er også klubbrenn for Sunnylven IL.
Leiar i skiskyttargruppa, Rune Tryggestad opplyser at til første renn er det påmeldt 31 deltakarar.

Stor premiefest avsluttar sesongen og den vert halden på Sunnylven samfunnshus søndag 22. april kl. 19.00.
Alle med deltaking i minst tre renn blir premiert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380