
Onsdag 25, januar startar Sunnylvscup på ski 2012. Alle som deltek i tre renn eller meir, blir premierte under skigruppa sin premiefest med bingo i påskeveka.
I alt fem renn er sett opp, to i fristil og tre i klassisk stil. Av desse er to merkerenn og alle blir arrangert i skianlegget i Hyttehola.
Datoar og anna informasjon ligg på aktivitetskalender på hellesylt.no
Det blir tidtaking frå 3. klasse og oppover. Ønskjer ein ikkje å gå på tid får ein registrert deltaking likevel ved å gå same distanse.
Startkontingent for deltaking i Sunnylvscup på ski er kr. 150,- og skal betalast ved start første renn, opplyser skigruppa i Sunnylven IL.