Lokalnytt

Mange på bondekafe

doc_2511_2

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad kunne ønske vel møtt til eit tretti-talls medlemer då laget inviterte til bondekafe sist veke. Hovedtema på møtet var kjøp av straumaggregat.

Under orkanen i romjula fall straumforsyninga ut og dermed oppsto store problem for mjølkebønder. Dei få straumaggregat som var tilgjengeleg, var i bruk stort sett heile døgnet.
No var straumaggreget, type og prisar tema på årets første bondekafe i Sunnylven.

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal var til stades og reiste aktuelle spørsmål. Per Ottar Alme frå Alme El.installasjon anbefalte aggregat på rundt 20 kwh. for traktordrift. Prisen låg på vel 20.000,- kroner og i tillegg kom vendebrytar til knappe 4.000,- kroner ferdig montert.
Han rådde til at kvar bonde kjøpte sitt eige aggregat, både på grunn av bruken og vedlikehaldet.

Juleorkanen 2011 avsløra kor sårbart samfunnet er for ytre påverknader. Sjølv om traktoraggregat berga situasjonen for mjølkebønder, hamna fleire tusen liter mjølk i gjødselkjellarar då TINE, Byrkjelo som også var råka av straumstans ikkje kunne ta unna.

I Sunnylven er tre elvekraftverk som produserer meir elektrisk straum enn bygda treng sjølv. Alle tre stoppar når straumforsyninga utanfrå blir broten, slik også i jula. Ein tilstand som er vanskeleg å forstå for mange og som vart ”lufta” på bondekafeèn til Sunnylven Bondelag.
Her må vel fleire kome saman og finne fram til praktiske løysingar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380