Lokalnytt

Ny meistertevling frå Helsetkopen

Det var både fart og røyk over fjellflyginga frå Helsetkopen i fjor, her mot landing for ein deltakar.
Det var både fart og røyk over fjellflyginga frå Helsetkopen i fjor, her mot landing for ein deltakar.

Helsetkopen i Sunnylvsbygda blir meisterskapsarena for fjellflygarar også i 2012. Våghalsane kjem i stort antall til Hellesylt Championship 6. til 8. juli.

Kontaktmann for tevlingane i fjellflyging, Paul Fortun frå Rauma forventar mange deltakarar til sommarens luftkonkurranse frå det 1246 meter høge fjellet. Det foregår same helg som Sommardagar på Hellesylt og her kjem både menn og kvinner.
Rekord i fjor
Men også i vekene før kan ein rekne med å sjå aktivitet frå den populære klippa som kneisar mot himmelen ved Helsetvatnet, for mange vil nok prøve seg før konkurransen startar. Det gjeld om å flyge raskast frå toppen til ei mållinje 1100 meter lavare og 1300 meter lenger ut horisontalt frå start. Rekorden på denne luftseglasen har Frode Johannessen, Voss på 29.37 sek. som han oppnådde i 2011.

Opnar foretning
Då var det flotte dagar med god sikt og lite vind, med andre ord glimrande vertilhøve. Det håper vi på også i år, seier Paul Fortun som snart opnar foretning i Åndalsnes med sal av mellom anna airboard, eit luftputebrett som mellom anna gjev mykje fart og moro på snø i ulike skianlegg.

Frode Johannessen, Voss vart vinnar i 2011 på ny bestetid, 29.37.
Frode Johannessen, Voss vart vinnar i 2011 på ny bestetid, 29.37.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380