Stiller felles damelag
Sunnylven IL Fotball og Stranda IL Fotball skal i sesongen 2012 ha samarbeidslag for A-lag senior, damer. Laget er påmeldt i 3.divisjon, Sunnmøre.
Dette er veldig positivt for damefotballen på indre Sunnmøre. At to mellomstore treningsgruppe kan samarbeide gjennom trening og kamp blir ein vinn vinn situasjon for begge partar, seier leiar i Stranda IL Fotball, Leidulf Årvik.
Samarbeidslaget skal administrerast av Sunnylven, og laget skal ha Hans Hole som hovedtrenar.
Eit spennande samarbeid, sjølv om eg vil sakne naboduellane. Men dette gledar eg meg verkeleg til, seier hovedtrenar Hans Hole.
Eit av hovedmåla med samarbeidet er å få damefotballen så interessant at vi snarast kan oppleve 11 mot 11, Sunnylven mot Stranda, seier Steinar Hjelle, leiar i Sunnylven Fotball.
Namn på laget blir Sunnylven/Stranda.