10. juli 2026

Sunnylven/Stranda blir eit topplag

Hans Hole blir hovedtrenar for Sunnylven/Stranda.
Hans Hole blir hovedtrenar for Sunnylven/Stranda.

Fotballgruppene i Sunnylven og Stranda går saman og stiller felles lag i damer 3. divisjon Sunnmøre. Namnet på laget blir Sunnylven/Stranda og Hans Hole blir hovedtrenar.
I damer 3. divisjon Sunnmøre blir det ni lag i 2012. Sunnylven/Stranda vil få åtte heimekampar, dei fleste på Hellesylt stadion, seier leiar Steinar Hjelle i Sunnylven, og legg til; om bana blir speleklar då.

Røynd trenar
Mykje er ikkje avklara mellom Sunnylven og Stranda, men Sunnylven skal administrere alt kring laget og Hans Hole blir hovedtrenar.

Etter at ei lang og aktiv karriere som spelar og med over 500 a-kampar for Sunnylven, har Hole vore trenar for mange lag i moderklubben Sunnylven. Dei siste åra har han leiar Sunnylven sitt damelag til fleire medaljeplasseringar i serie.
No er treningane for komande sesong så vidt starta. Det blir spanande, seier Hole som synest det er ei ære å få trene flaggskipet innan damefotball i kommunen.

Kan bli topplag
Hans Hole kjenner spelarane frå sin gamle klubb, og får mange nye i stallen frå Stranda.
Vi kan fort bli storlaget innan damefotball på indre Sunnmøre, for det er ein flott gjeng, treningsviljuge og talentfulle. Han håper alle får vere skadefri og trene godt.
Spelargruppa blir ein stad rundt 15, men vi kan gjerne bli fleire, seier Hole og nemner talentfulle jentespelarar i Sunnylven som han håper blir med på treningane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →