Lokalsport

Sunnylving i Norgestoppen

Trygve Aaland Tryggestad kom heim med toppresultat frå Norgescupen i skiskyting. Torsdag går han på heimebane i første renn i Skiskyttarcup 2012 som Sunnylven IL arrangerer (Arkivfoto)
Trygve Aaland Tryggestad kom heim med toppresultat frå Norgescupen i skiskyting. Torsdag går han på heimebane i første renn i Skiskyttarcup 2012 som Sunnylven IL arrangerer (Arkivfoto)

17 år gamle Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven gjekk inn til topplassering under Norgescuprennet i skiskyting på Simostranda sist helg. Berre 0.5 sek. mangla på fyrste pallplassering mellom Norges beste juniorar.

Det var i finalen på supersprint med fire skytingar at Trygve Aaland Tryggestad viste ”musklar” mot dei beste i 17-årsklassa.

Her kom han på 5. plass, berre 0,5 sek bak 3. plassen etter å ha tapt spurten. Dei 30 beste etter prologen deltok i finalen som var fellesstart med 4 skytingar.

På sprinten søndag vart det også ei flott plassering. Etter tre strafferundar kom han i mål til 25. plass blant dei 65 som starta.
Trygve Aaland Tryggestad har poeng frå alle dei fire Norgescup-renna som er arrangert hittil i år, og ligg på 13. pl samanlag i kl M17.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380