Unge kulturinnslag imponerte

Året kulturmønstring i Storfjord kulturhus vart ei massemønstring på høgt nivå. Også publikum fylte kulturhuset til siste sete og sette pris på det dei fekk sjå og høyre gjennom 31 innslag.
Applausen klang i veggane i storstova på Stranda søndag kveld. Unge aktørar imponerte stadig med framføringar av dans, song og musikk. Også utstillinga av teikningar og foto synte at mange har motorikk og ein kunstnarspire i seg.
Det var truleg ei mønstring av dei aller beste i Stranda nokon gong. Eit klart signal til lokale politikarar at kulturskulen i Stranda er ei ”rugemasine” for mykje flott ungdom og at middlar dit ikkje må reduserast, men heller aukast.
Musikk, dans og Rap frå Sunnylven
Frå Sunnylven kom tre innslag, Lars Kvam Karbø spela piano, Kristin Ringdal og Jarl Vegard Eliassen Røyrhus dansa folkedans, og Kjetil Frøysa framførte Rap til eiga tekst og med musikk og trommekomp av Jon-Fredrik Bratli Hopland.
Alle tre flotte innslag som imponerte og har sjansen til vidare avansement i Ungdomens Kulturmønstring.