Ventar på avklaring av erstatningsansvaret
Sunnylven Fotball står utan bane etter at juleorkanen raserte Hellesylt stadion. No trenar dei to seniorlaga til klubben i Strandahallen og etter landevegane i Sunnylven.
Mange i fotballmiljøet i Sunnylven føler at det dreg ut med reparasjonsarbeidet på Hellesylt stadion. I tillegg til dei to seniorlaga skal også fleire aldersbestemte lag starte opp med trening snart. Seriefotballen rullar i gong igjen om tre månader.
Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad seier at det blir jobba med saka og at banedekket på Hellesylt stadion skal bli utbetra så snart som råd.
Men før det er avklara kvar erstatningansvaret ligg, vil ikkje ryddearbeidet starte. Når det er klart vil nytt dekke og anna utstyr bli tinga og kome på plass, seier Tryggestad.
Etter det hellesylt.no kjenner til, blir skaden på Hellesylt stadion ikkje erstatta som rein naturskade. Det blir forhandla med forsikringsselskap om skadeoppgjøret.
Sunnylven IL har forsikring som dekkjer inntil eit to-sifra millionbeløp, og har tidlegare fått erstatning for til dømes fotballmål som har blitt øydelagt av uver.