Lokalnytt

Vil ha ferjesatsing på Grøn Fjord2020

Fjord1 har søkt om fornya løyve for ferjedrift mellom Hellesylt og Geiranger.
Fjord1 har søkt om fornya løyve for ferjedrift mellom Hellesylt og Geiranger.

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ønskjer at løyvehavaren på ferjestrekninga Hellesylt – Geiranger satsar på Grøn Fjord2020, ei større miljøsatsing Verdsarvstiftinga har teke initiativ til for verdsarven.

Fjord1 har søkt Møre og Romsdal Fylkeskommune om fornying av ruteløyve for kommersiell ferjedrift for stekninga Hellesylt – Geiranger i ti nye år.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har sendt uttale til søknaden der dei peikar på at Geirangerfjorden er ein del av Verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap.
Det betyr i praksis at det ligg eit stort ansvar på alle som forvaltar denne unike verdsarven, heiter det i uttalen frå Verdsarvstiftinga som ber Fylkeskommunen ta omsyn til dette og andre ting ved tildeling av løyver.

– Ei større miljøsatsing innan området for verdsarven er ei målsetjing. Fjord1 har hittil nytta gammalt materiell på ferjestrekninga på verdsarvfjorden, noko vi synes er svært synd både for omdømme og den visuelle forureininga desse gamle ferjene står for.
Verdsarvstiftinga ønskjer ein diskusjon og dialog med både løyvegivar og drivar kring drifta av ruta og korleis denne eventuelt kan verte ein del av Grøn Fjord2020-satsinga -, heiter det mellom anna i uttalen.

I kommentaren blir det også peika på viktigheita av ferjeruta på turistfjorden.
– Det er svært viktig både for ei levedyktig reiselivsnæring og oppretthalding av busetting i verdsarvbygdene våre at ferjetilbodet vert som minimum oppretthalde som tidlegare og aller helst utvidast i skuldersesongane opp mot ei heilårsdrift på sikt -.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380