19. november 2025

Aksjekapitalen veks

doc_2605_2

Øystein Ljøen samlar trådane i aksjesalet som skal føre fram til kjøp av Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Han er imponert over engasjementet hos bedrifter, lag og organisasjonar og enkeltpersonar.

To veker før siste frist og ei endeleg avgjerd om kjøp eller ikkje, er aksjekapitalen komen opp i 1.6 mill. kroner.

-Vi er ikkje i mål, men framleis er det mange som har sagt seg interessert, men ikkje har bestemt seg for beløp. Eg er mektig imponert over folk, det er personar som har teke kontakter også utanom bygda og får inn ny aksjekapital. Det er heilt spesielt det som skjer, at så mange viser eit slikt engasjement og samhald for å sikre ny drift av Peer Gynt Galleriet, seier Øystein Ljøen.

Planlegg kulturkveld
Laurdag 25. februar blir det arrangert underhaldningskveld / kulturkveld på Sunnylven samfunnshus med både lokale og tilreisande krefter. Der blir det også orientert om aksjesalet og ”vegen vidare” for at Oddvin Parr sine unike Peer Gynt-relieff framleis blir på Hellesylt, fortel Øystein Ljøen. Han håper dei kan presentere eit resultat av bygdedugnaden som gjer det muleg å kjøpe Peer Gynt Galleriet til avtalt pris 6.5 mill. kroner. Mål for aksjekapital er 2.0 til 2.5 mill. kroner, seier han.

For meir informasjon, kontakt:
Øystein Ljøen, tlf. 970 41 540 / 702 68 550, e-post: oystein@htre.no
Ole Arnstein Ringdal, tlf. 970 90 551 / 702 69 103, e-post: ole@oleringdal.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →