Anniken går Birken

Anniken Hjellbakk Hole.

Anniken Hjellbakk Hole.

Anniken Hjellbakk Hole har trappa ned på langrennstrening denne vinteren, men forma er god. Ho er klar for ei ny styreprøve mellom Rena og Lillehammer, nemleg det 54 km. lange Birkebeinerrennet 17. mars.

I fleire turrrenn har det gått til topplasseringar på resultatlistene for Anniken Hjellbakk Hole i vinter. Anniken som studerer ernæringsfysiologi, gjekk på skule i Trondheim sist vinter og var medlem av skiklubben Byåsen IL.

No har ho flytta til Oslo for skulegang og meldt seg tilbake til moderklubben Sunnylven IL.

Det har blitt mindre med trening i vinter, men det er fortsatt artig å gå langrenn og konkurrere, seier Anniken.
Ho har delteke i fleire turrenn og hevda seg høgt på resultatlistene. På heimlege trakter deltok ho nyleg i turrennet Svartløken rundt i Tomrefjord og vart suveren vinnar av dameklassa, over 11 minutt før neste deltakar.
Siste helga i februar står ho på startstrek på Oppdal og det 42 km. lange turrennet Skieneren. På telefon kvelden før var Anniken litt spent på korleis det skulle gå, om det vart gode klassiske ski i nysnø og plussgrader.

Den store styrkeprøven blir likevel Birkebeinerrennet med 3.5 kg. tung ryggsekk over fjella frå Rena til Lillehammer. Sunnylven IL si beste langrennsjente har gått det 54. km. lange rennet tidlegare og til suveren tid for merkekravet. Anniken berre gler seg og vi trur det blir eit nytt merke i premiesamlinga.

Anniken under juniorNM 2010.

Anniken under juniorNM 2010.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380