Lokalnytt

Arrangerte førstehjelpskurs

På førstehjelpskurs, frå venstre Peder Hellebostad, Jørn Stadheim, Per Inge Hjelle, Marit Hellebostad. (Foto: Jarle Hole)
På førstehjelpskurs, frå venstre Peder Hellebostad, Jørn Stadheim, Per Inge Hjelle, Marit Hellebostad. (Foto: Jarle Hole)

15 medlemer deltok på førstehjelpskurset som Sunnylven Bondelag arrangerte i samarbeid med Stranda Røde Kors på Hellesylt laurdag. Eit nyttig kurs, tykte bondelagsleiar Peder Hellebostad.

Kurshaldar var Per Inge Hjelle frå Stranda Røde Kors.

Kurset som var gratis for medlemer i Sunnylven bondelag varte i om lag fem timar og omhandla fleire typer skader, fortel Peder Hellebostad.

Å kunne hjelpe tidleg om uhellet er ute kan vere livreddande. Han nemner i fleng ulukker som kan oppstå innan jordbruket og som Hjelle gav gode førstehjelpsråd om, fallulukker, brotskadar, klemskadar, forgiftning frå gjødselgass eller sprøytemiddel, hjarte –og lungeredning og bandasjering av opne sår.

Mange av medlemane i bondelaget ønska at eit slikt førstehjelpskurs vart halde. At 15 møtte var bra, tykte bondelagsleiaren som opplyser at det ikkje blir fleire slike kurs i vår.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380