
Ragnar Kaland fekk naustet sitt på Hellesylt knust i uveret som herja i jula. No jobbar han med å ordne det formelle for å gjenreise det spesielle ”landemerket” på Korsbrekke.
Under uveret som herja nordvestlandet 1. juledag vart båtnaustet til Ragnar Kaland på Hellesylt knust til rusk.
Det vesle huset ute i Korsbrekke naturreservat vart heilt borte, berre murane med sjø rundt på flo og tørt land kring på fjøre sjø står igjen.
Båtnaustet i Korsbrekkefjøra var gamalt, men når det var bygd veit ikkje Kaland sikkert.
No vil han i alle høve få det reist på nytt, men møter vanskar.
-Eg prøver å få opp att ”landemerket”, men vil gjerne gjere nok meir ut av det enn berre eit naust. Eg har fått det teikna på dei same, men litt høgare murar og ønskjer å lage det slik at eine veggen kan opnast for å ha det som ein litt spesiell serveringsstad. Der møter eg problem-, seier Kaland.
Og korleis det går veit han ikkje. Kaland sender alle planar til fylket for det er der det heile blir avgjort sidan nausttomta ligg i Korsbrekke naturreservat, seier han.