Lokalnytt

Gode underhaldningskrefter

Maria Langeland.
Maria Langeland.

Festleiar Jan Ove Tryggestad hadde fleire lokale utøvarar å by på under kulturkvelden på Sunnylven samfunnshus. Både gamle og nye aktørar kom på scena og imponerte med song og musikk.

Unge Maria Langeland fekk æra av å opne det heile med songen ”Don`t by the Riverside”. Flott innslag der ho også sjølv spela gitar til.
Kristin Storstein er ei anna lokal songstjerne. Laurdag gleda ho med vakker song fleire gonger, først saman med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument, og til slutt i duett med Olav Elling Gausdal, trubadur som til dagleg er busett i Ålesund, men med alle heimlege røter på Hellesylt.
Det vart eit program med musikalsk perler og som gav glans til den gode saka kulturkvelden var meint for.

Kristin Storstein og Olav Elling Gausdal.
Kristin Storstein og Olav Elling Gausdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380