15. april 2026

Inviterer til aksjekjøp i Peer Gynt Galleriet

Kunstnaren Oddvin Parr ved eitt av dei flotte treskurd-relieffa, "Mor Åses død". (Arkivfoto)
Kunstnaren Oddvin Parr ved eitt av dei flotte treskurd-relieffa, «Mor Åses død». (Arkivfoto)

Peer Gynt Galleriet skal forbli på Hellesylt som før. Det håper i alle høve dei lokale aksjonærane som har fått aksept på kjøpesum på bygning med kunst og inventar. Dei jobbar no med å få finansieringa i orden og satsar på bygdemobilisering.

Tidlegare lokale aksjonærar går no ut og inviterer lag og organisasjonar, bedrifter og privatpersonar til aksjekjøp for å få behalde Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.
Flakk Invest A/S var største aksjonær i Peer Gynt Galleriet A/S, tidlegare Hægstad Gård.
No vil Ålesund-selskapet selje, noko som også vil bety at Peer Gynt-relieffa etter den lokale kunstnaren Oddvin Parr vil bli flytta frå Hellesylt.

Det ønskjer ikkje ei gruppe lokale interessentar. Det er forhandla fram ein kjøpesum med Flakk Invest A/S, men det trengs meir aksjekapital for å realisere kjøpet.

-Vi har starta ein redningsaksjon for å behalde kunstsenteret med kunsten til Oddvin Parr på Hellesylt, seier Øystein Ljøen.
-I første omgang er det entusiasme og følelsar som gjer at vi ønskjer å kjøpe. Så langt har vi prioritert kjøp av anlegget, deretter blir det å planlegge så god drift som mogleg. Anlegget skal opnast så snart det er praktisk mogleg etter eit kjøp. Handelen må avgjerast i løpet av to, tre veker, og vi treng mellom 1.0 og 1.5 mill. kroner i frisk aksjekapital.
-Vi går breitt ut og inviterer til å sikre seg aksje i kunst- og servicesenteret på Hellesylt, kvar på 1000.- kroner.
-Det heile må sjåast på som ei bygdemobilisering for å få behalde Peer Gynt Galleriet, noko av det flottaste vi har å vise fram til alle som besøkjer Hellesylt, seier Øystein Ljøen som tek mot tilsagn og noterer antall aksje kvar enkelt vil kjøpe.

Han håper på stort engasjement, at mange tek kontakt og legg til: -Om vi ikkje lukkast med å finansiere kjøpet, forsvinn alle Peer Gynt-relieffa frå Hellesylt-.

I alt tolv store bilder fyller Peer Gynt Galleriet, eitt av dei største kunstsenter på nord-Vestlandet.
I alt tolv store bilder fyller Peer Gynt Galleriet, eitt av dei største kunstsenter på nord-Vestlandet.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →