LokalnyttLokalsport

Jens Vik leiar Sunnylven IL

Nyvalgt leiar i Sunnylven IL, Jens Vik til venstre overrekte blomar og takka avtroppande leiar i skiskyttargruppa, Rune Tryggestad.
Nyvalgt leiar i Sunnylven IL, Jens Vik til venstre overrekte blomar og takka avtroppande leiar i skiskyttargruppa, Rune Tryggestad.

Jens Vik er ny leiar i Sunnylven IL. Også alle andre tillitsvalgte i hovedstyre og undergrupper kom på plass under årsmøtet der 20 medlemer møtte.

Sunnylven IL har ikkje hatt valgt leiar det siste året. Laget har blitt styrt med flat struktur i hovedstyre.

Ofte har det blitt halde framhaldande årsmøte for å få alt mannskap på plass, men i år kunne leiar i valnemnda, Arne Ringdal legge fram forslag som bemanna heile idrettsskuta i Sunnylven ved første forsøk.

Under årsmøtet som vart leia av Knut Dag Langeland vart det referert årsmeldingar som viste stor aktivitet både innan sommar og vinteridrett.
Også økonomien er god med eit samla overskot for idrettslaget på 91.000,- kroner.
Laget hadde 450 betalende medlemer i 2011.

Fotball.
Fotball samla flest aktive i Sunnylven IL med over 100 unge og eldre som spela på lag i 2011. Damelaget gjorde det svært bra i serien og kom på sølvplass i 3. divisjon, medan herrelaget datt ein divisjon ned og stiller i år i 6. divisjon.
Under årsmøtet kom det fram at klubben får store utfordringar når det gjeld bane til årets sesong. Klubben har verken grusbane eller kunstgrasbane. Grusbana er anleggsområde for bygginga av Hellesylt cruisekai, og kunstgrasbana ”tok” orkanen Dagmar 1. juledag.

Sommaridrett.
Friidrett/trimgruppa arrangerte familiebading, idrettsmerkeprøver, Hellesyltløpet med 68 deltakarar, har rydda og halde vedlike turræser, skipa til trimtreff, arrangert Zumba-kurs, trimdans med over 20 deltakarar, og arrangert Jentebølgen saman med Sunnylven sanitetslag.
Ny trimpost vart opna på 1380 meter høge Nokkenibba. Det vart registrert til saman 9621 treff på dei 23 trimpostane til idrettslaget i 2011.

Vinteridrett.
Innan vinteridrett er det langrenn og skiskyting som dominerer. Sunnylvscup på ski samla 79 premierte deltakarar. Løparar som representerer i lokale og nasjonale konkurransar har blitt ferre av, men skigruppa jobbar for å auke interessa på nytt.
Derimot er skiskyttargruppa i framgang og har løparar som markerer seg høgt oppe på premielistene, også nasjonalt.

Anlegg.
Under årsmøtet orienterte Knut Dag Langeland om kvar arbeidet står med restaurering av Hellesylt stadion. Ingen vil yte eller har pengar til gjenoppbygging, var den nedslåande opplysninga til årsmøtet.
Kommunen som eigar jobbar framleis med saka og har lova at stadion skal bli sett i stand igjen. Ei avgjerd blir truleg teken på kommunestyremøtet 14. mars, sa Langeland.

Overrekte blomar
Rune Tryggestad har vore leiar og ei eldsjel i arbeidet med skiskyttarstadion og sporten i ei årrekke. Til årsmøtet hadde han sagt frå seg attval i skiskyttargruppa.
Jens Vik, påtroppande leiar i Sunnylven IL overrekte blomar og takka Tryggestad for den store innsatsen han hadde lagt ned, både på anlegget i Hyttehola og som instruktør og arrangør innan skiskyting.
Per Svein Hole, leiar i friidrett/trim var ikkje til stades på årsmøtet, men hadde også sagt frå seg attval og fekk blomar av laget.

Val.
Hovedstyre
Jens Vik, leiar
Odd Jostein Bjørdal,
Inge Røyrhus,
(i tillegg alle gruppeleiarane)

Fotballgruppa:
Steinar Hjelle, leiar, Per Kjell Leite, Åse Støverstein Ringdal, Lillian Aasheim, Kirsti Frøysadal Hauge, Geir Støverstein.

Skiskyttargruppe:
Magne Brekke, leiar, Inger Ann Nybø, Johan Inge Kjellstad, Line Høgalmen.

Skigruppa:
Hans Hole, leiar, Per Ingebrigt Karbø, Gisle Aaland, Paul Tronstad.

Friidrett/trim:
Rune Hole, leiar, Jostein Ringdal, Gunnar Sårheim Fivelstad, Ruth Hole Aaland, Lilli-Karin Ljøen, Solfrid O. Lien.

Sponsorgruppe:
Frank Øksvang, Magnar Hauge.

Banenemnd:
Eivind Louis Helset, leiar, Ole Aasen, Bård Forbord, Robert Tryggestad.

Kioskgruppe:
Barbro Lade, Ester Kjellstadli, Janne Grov.

Valnemnd:
Synnøve Kjellstad, Jørgen Helset, Per Svein Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380